Opning av "nye" Kyrkjebygda oppvekstsenter og Tv-aksjon

Det har tatt litt tid å få til ei skikkeleg opning av eit renovert skule og barnehagebygg av litt ulike grunnar. Å markere det i samband med TV-aksjonen passa fint. Då er det mange innom og slik blei det også. Ordførar klypte snor saman med elevane, tidlegare oppvekstsjef og rektorar. "Leger uten grenser" er mottakar av årets TV-aksjon, og me fekk besøk av Geoffrey Bass som fortalte om organisasjonen og feltoppdrag han hadde vore med på. Oppteljinga synte overveldande 29.248 kr. Det er ny rekord for andre året på rad!

Logo

Stilfull opning.

 

Forlokkande vareutval

Klar for sal.

Saman reddar me liv

Mykje fint å freiste kundane med.

Geoffrey Bass

Geoffrey Bass fortel om organisasjonen sin og ulike feltoppdrag.

Det er betre med ei svele i munnen enn ti på takka

Store og små i sveleavdelinga.

Smarte damer og gutta boys

Desse var med å kaste glans over opninga. Frå venstre ordførar Halvor Homme, kommunedirektør Sverre Sæter, tidlegare einingsleiar for oppvekst Sissel Bronken og tidlegare rektorar Olav Holskar og Astrid O Knutsen. Dagens rektor Even Holskar til høgre.

Snorrett snorklypp

Det var mange som tok del i snorklyppinga.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås